Komponisten Ørjan Matre har samarbeidd med Oslo Kammerkor i over 10 år. Med Veneliti har Matre dyrka folkemusikkompetansen i Oslo Kammerkor og bearbeidd norske folketonar – lengtande salmar, mystiske segn og såre kjærleiksviser. Ved å lytte til kjeldene og korleis songane har blitt sunge, er identiteten tatt vare på og fått nytt liv og meining i Matres klangverd. I eit omsluttande lydbilete får du som lyttar ta del i denne klangverda som om du sat midt i koret.
Musikken du lyttar til no, har lagt bak seg ei lang reise før den når dine øyrer. Det er lengtande salmar, mystiske segn og såre kjærleiksviser. Kvar reisa byrja, er ikkje alltid like lett å seie. Songane får nytt liv gjennom menneska som syng dei. Kvar gong i ei ny form, ein ny klang, med ei ny meining – men kjernen er den same.
Ørjan Matre har lytta til songane, og til dei som syng. Lytta til kjelda. Slik blir identiteten til tonane tatt vare på, noko ein risikerer å miste skulle ein overføre melodiane gjennom tradisjonelle notesystem. Meir enn tradisjonelle arrangement, blir Matres komposisjonar til Veneliti heller klangbiletlege tolkingar av denne identiteten.
Unni Løvlid har undervist koret i tradisjonelle syngemåtar. Når songarane lærer på øyret får dei eigarskap til tonane og tekstane, og kan legge sin personlege klang i musikken. Den lyttande tilnærminga har dirigent Håkon Daniel Nystedt teke vidare i koret si framføring av musikken, og skapt eit uttrykk som løftar fram klangen i kvar einskilde stemme.
Å skulle få fram identiteten i songane og dei mangefasetterte klangane i koret på ei innspeling som dette, krev ein djupt lyttande produsent. Med Morten Lindberg sitt nybrottsarbeid innan opptaksteknikkar og omsluttande lyd blir denne kompleksiteten gjengitt på ein måte som hadde vore umogleg for få år sidan. Veneliti har fått ei heilheitleg form gjennom dei drøymande mellomspela til Matre. Dei bind saman dei ulike uttrykka og klangverdene.
No har tonane kome til deg der du lyttar. Kanskje i stova, på toget, i bilen, eller i skogen. Kanskje du lèt att auga eller lèt dei kvile på horisonten? Kanskje er du sliten eller lei deg? Eller er du glad og letta? Denne musikken har betydd ulike ting til ulik tid for ulike menneske, og får no nytt liv og ny meining gjennom dine øyrer.